«Når en mann kan forårsake så mye ondt – tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen» tvitta Helle Gannestad, den gong medlem i Møre og Romsdal AUF 23. juli 2011. Så raskt sprang håpet, trua og kjærleiken fram etter det forferdelege som skjedde.
10 år er gått og 22. juli 2021 ringer kyrkjeklokkene i landet for å heidre minnet til dei som mista livet den dagen, for å støtte alle pårørande og involverte. Kyrkjeklokkene ringer og for å varsle om faren ved intoleranse, ekstremisme, vald og rasisme. Viktige verdiar for landet vårt vart angrepet denne dagen for 10 år sidan.
Vi har samla eit knippe unge og litt eldre engasjerte menneske til samtale i Gapahuken kl. 19.30 om korleis vi hegner om verdiane som vart angripne den 22. juli for 10 år sidan. Velkomen
I samtala deltek
Kommunestyrerepresentant Ragne Aasan
Stortingsrepresentant Marit Knutsdotter Strand
Medlem i Ungdomsrådet Margrete Hegge
Tidlegare fylkesordførar Gro Lundby
Lærar på ØSUS Are Alund
Kulturinnslag.
Programmet vert leia av sokneprest Eli Vatn